En klok mann som eg er veldig glad i reiste sej på bedehuset og sa dette en gang, for mange år sia. Desse orda har eg alltid hugsa, fordi dei traff spikeren på hovudet. Og i det siste har dette spørsmålet kverna i tankane mine, og i hjartet mitt. Eg har kjent at det har gjort meg litt vondt faktisk. og innsett at eg har vorte snytt for mange gode ungdomsår med Jesus. Kvifor? Fordi eg levde etter den første delen av denne setninga. Eg er redd mange leve slik enno. Vi vil gjerne vere kristne, i navn og arv, for ikkje å skuffe nokon, for å ha eit godt rykte, for å verte sett på som fornuftig person og gi det inntrykket som følger med kristen-navnet. Vi vil ikkje skuffe foreldra våre som har oppdratt oss i kristen tru, og i god tru.. Eg trur kanskje mest av alt så vil vi ikkje ta eit valg.Koffor er det slik at vi ser kor langt vekk fra Jesus vi kan gå, og likevel kalle oss kristne, i stede for å sjå kor nærme vi kan komme korset og Jesus?
For å vere ein kristen er eit valg.
Å velge eit liv med Jesus eller eit liv utan Jesus. Å vere ein kristen er å velge livet i staden for døden. Å velge fridom frå synda, den fridomen Jesus har kjøpt oss - i staden for å leve i slaveri under synda. Å vere ein kristen er å leve eit liv ilag med Frelsaren, brudgomen, den beste venn av alle, Broren - Guds sønn. Å velge Jesus er å vere i ein relasjon med Han.
Kva gjer du når du skal pleie dine relasjoner? Når du skal bli betre kjent med eller bli betre knytta til nokon? Korleis kan du lære å kjenne venane dine, kjæresten din, ektemaken din, slektningane dine, klassekameratane dine osv... ??
Ved å bruke tid med dei. Ved å åpne deg for den andre, slik at de kan samtale om noko, bli kjend med kvarandre sine tankar og følelsar. Ved å lytte til den andre sine ord, slik at du kan forstå personen betre.
Har du prøvd dette med Jesus?
Når eg tenker på ALT Gud har gjort for meg. Alt Han har tilgjeve meg. Alt Han har gitt meg. Så blir eg skamfull når eg tenker på kva eg har gitt tilbake....
Eg ønsker å leve eit liv der eg kan få gi tilbake. Eg har tatt valget om å leve i fridom, eg har tatt imot frelsa og eg har lyst å leve Livet i lyset. Eg har lyst å verte fylt av Guds kjærleik, slik at eg kan ha å gi vidare til andre. Eg har lyst å lære meir frå bibelen, lære meir av livet i fellesskapet med andre kristen, lære meir om korleis fortelle andre om Jesus eller vise andre kven Jesus er ved å leve for Han.
Om eg skal kunne gjere alt det - så har eg ikkje tid eller krefter eller lyst til å gjere ting som er med å dreg meg vekk frå Jesus. Ting som er med å kvele Den Heilage Andes arbeid i meg.
Om andre skal sjå at eg er fylt av Jesus, så må eg først la meg fylle av Han.
Takk Jesus - for Golgata. For den tomme grava. Takk Jesus at EG kan få ta del i din seier. Takk Jesus at du elskar meg, og takk at du kan bruke meg. Dra meg nærmare deg Jesus.
Sett meg så eg ser deg Jesus!
1 kommentarer:
Amen!
Legg inn en kommentar