mandag 14. november 2011

Bursdagshelg før bursdagen

 Om to dagar fyller eg heile 29 år!!! Jøye mej så fort tida går.  Eg føler meg ikkje ein dag over 14 av og til! Joda, eg gjer i grunn det.  Alderen skjemmer ingen, eller var det namnet?
Uansett, vi har gjort stas på meg i helga!
På fredag baka eg og Pia kake og  muffins.  Eg har kjøpt meg ny kake-koke-bok, med mange kaker som til og med eg klarar å bake.  Så vi drog i gang med ei sjokoladekake og nokre smash-muffins, begge deler var suksess og eg er særs nøgd.  Sjokoladekaka sparte vi heilt til Søndag, medan vi kosa oss med brettspel og muffins ilag med Pia og Tommy på fredagskvelden.
På laurdag hadde eg sofa dag, då eg fekk melding med Rayen om han kunne få ta meg med ut på middag.  JA, så klart - tenkte eg og gleda meg stort til arbeidsdagen hans skulle vere over.
Utpå ettermiddagen tok han meg med ut og kjørte til Loddefjord.  Lite skjønte eg kva vi skulle der, men eg er forelska og nygift så eg syntes det var spanande å fare på Vestkanten der den mest lukseriøse spiseplassen er Peppes. ( Som vi like gjerne kunne gått på på sartor).  MEN så; DER stod en gjeng med kjente ansikt og plutsleg ropte dei; SURPRISE!!!!  Det viste seg at mannen hadde ordna Surprisebursdagfest til mej :)   Gooooe mannen!!!
Så vi gjekk på Curling, Peppes og seinere bowling ilag med familie og venner :)  Kjempekjekt!!! Min første surprisebursdag ever, og eg var veldig fornøgd!!!

På søndag feira vi farsdag for svigerfar, og ydmyk som han e, så delte han merksemda med meg.  Eg fekk overflod av presanger og gjekk heim godt fornøgd med gavene :)  Elektrisk tannbørste, ny hårføner og eit nytt spel + ein nydelig orkide! Heldig e ej!!! :)  Har ein fantastisk svigerfamilie, og dei set altfor stor pris på meg :p

VI har litt å gå på når det kjem til bildetaking... Skal prøve å skjerpe oss der! Rayen gløymde kameraet på laurdag desverre - og på søndag veit ikkje eg kva han dreiv med når han tok bilete, for der var ikkje så mange gode å ta av.  Men her er eit MINI- utvalg :)
 Fangsten eller baksten, alt etter som :)
Dette er min svigerfar ja... Han er ikkje så skummel som han ser ut :)  Svigermor er AKKURAt så snill som ho ser ut!
Det nye spelet går ut på å finne ord til bokstaven.  På 15 eller 30 sekund.  Var veldig artig!

0 kommentarer: