Halloen og god adventstid!
Eg og mannen har fått opp kalenderen, julestjerna og lilla adventslys og sjelden har ej vore så klar for adventstid som i år! Veldig kosli å dele ei slik tid med mannen min! Vi e i siste sving på å henge opp pakkane på den NYDELEGE adventskalenderen som mamma sydde til oss i bryllupspresang. Den er FLOTT og unik, og etterkvart skal eg legge ut bilete her så du kan få sjå den og nyte!
Ellers tenkte eg vel å dele nokre tankar frå debuten min på http://www.ikirken.no/ i går. Her kan du gå inn og høyre meg tale om temaet " Bli ferdig med fortiden".
Eg har ofte vitna om livet mitt, om tida før eg møtte Jesus og tida etter eg møtte Jesus. Forvandlinga, forandringa, utfordringane og så vidare. Difor var det veldig spanande å bli utfordra av ikirken til dette temaet. Eg tek opp tre ulike undertema, som eg har kalla "Stempelet som sitter" , "tilgi dei som har såra deg" og så er siste talen om å be dei du har såra om tilgivelse. Eg hugsar faktisk ikkje heilt konkret undertittel.
Det var ein spanande kveld den kvelden eg spelte inn alle tre (!) på ein gong. Eg var rimelig koko då eg tok til på den tredje, men når eg først kom i gang så gjekk det veldig fint.
Sjølv må eg innrømme at tale nr 2 er den som er sterkest å både ha framført og sikkert få høre igjen. Det er alvorleg og utfordrande tema, men eit viktig tema som dei aller fleste kan ha episodar å relatere og assosiere til.
For min del var det viktig å få fram at eg stod der mest med eit personleg vitnesbyrd og ikkje ein fasit. Men eg trur på vitnesbyrdet og krafta i det. Eg trur at Gud lever i det personlege vitnesbyrdet, at Han tek mine ord og bruker dei inn mot dei personane som kjenner seg trufne av det eg kan dele. Så er det opp til Gud kva Han vil gjere med mitt vitnesbyrd, det er tross alt Han som har lagt det der :)
Det var ganske spesielt å sitte ilag med Raymond i går og sjå talen på nytt. Han var jo i salen under innspelinga, men å sjå seg sjølv på skjermen er sjølvsagt litt rart. Eg såg noko alvorleg ut, men eg skuldar på nervane. Dei forsvant utover kvelden, så eg håper at dei to neste talane viser ei litt meir avslappa Stine, men alvorleg stine. For eg kan ikkje stå der å showe og smile når eg veit at det kan vere at ein som lyttar kjenner det tungt og vanskeleg. Men eg prøvde så godt eg kunne å vere meg sjølv, så håper eg at du som kjenner meg kunne kjenne meg att :)
Du som ikkje kjenner meg - du må treffe meg på skikkeleg også! hehe :)
Ønsker deg Guds velsignelse over dagen i dag, over adventstida og håper du har Jesus i hjartet!
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar