November er forbi og på bursdagen min feira vi dagen med å lage pepperkakehus. Eller, det skulle bli eit hus - men det vart ein robot! Pia, som er ei venninne frå Peru, hadde såååå lyst at vi skulle lage pepperkakehus før ho måtte reise tilbake til Peru etter 3mnd her til lands :)
Så da gjorde vi det då! Vi laga ein pepperkakerobot med MASSE godteri :) Akkurat slik vi liker det!
Må ikkje komme her og seie at vi ikkje kan vere banrslige og kreative!!! :)
Eg og Raymond har begynt på julebaksten! Vi tenkte at vi måtte øve oss litt og sjå kor vi låg an, og resultatet vart faktisk ikkje så verst! Vi skulle lage mors konfektkaker, med mors eiga oppskrift :) Vi lagde nok litt for store kjekt på første brettet, og det vart nokre svidde kaker - MEN dei vart veldig gode og vi fekk tekken på det etterkvart :) Raymond vart skikkelig god på å passe klokka og vite kor tid dei hadde fått nok!
Sjekk den kakebakeren dåkke!!!! Min sin :)
Adventstida er i gang, og vi har gleda oss LENGE til å få henge opp denne fantastiske julekalenderen som mamma sydde til oss i bryllupsgave!! FANTASTISK fin og vi er såååå stolte når vi viser den fram til dei som er innom :) Vi har nok vore litt for galne i innkjøpa våre, så både eg og Raymond har kjøpt gåver som vert for tunge å henge opp, nokre gjekk bra, men nokre må improviserast! Så det skal bli nokre skattekart :) Vi får ta lærdom til neste år, og neste jul blir der vel fleire vi må dele kalenderen med, og litt andre gåver .... :)
2 kommentarer:
Haha, fantastisk kreativitet på dåke to!
Så fantastisk koselig dåkke har d i heimen nå. Gleda me til å besøke dåkke :) <3 :)
Legg inn en kommentar