mandag 2. januar 2012

Nytt år - nye muligheter

Kva byr det nye året på?  Kva for muligheter ligg og ventar på meg? Kva vil Gud fylle dette året med?
For også i dette året har Gud ein plan for meg og mitt liv.  Også desse dagane har Gud talt, og også i desse dagane og året går Gud foran meg.  Så eg bryr meg lite om hverken årstal eller datoar - eg vel å ta imot kvar dag med sin nye nåde, eg vel å gå bak Gud kvar dag, skjule meg i Han og leve med Han.  Så vil Han sørge for meg også i dette året, som i fjor og året før der igjen osv....

2011 var eit innhaldsrikt år for meg, dersom vi ser på konkrete handlingar og opplevingar. Eit år eg alltid vil vere veldig takksamn for.  Året der eg fekk byrja livet med min kjære ektemann.  Året der eg og barnet i mors liv starta ei reise som eg ikkje har snøring på kor vil bli! Så dette har vore eit fantastisk år.
Så har det vore eit år med utfordringar, året der Kai Henrik måtte kjempe for livet og fortsatt kjemper for å kome tilbake i kvardagen.  Han har faktisk vore sjuk sidan 25 februar, og han har fortsatt utfordringar og plager som vil vere der.  Oppi alt dette har han ein familie å ta seg av og andre kvardagslege utfordringar.
Men Gud har vore med. Gud har gitt han helsa tilbake, ingen store varige skader - men ei erfaring og ei oppleving som ein på ein måte gjerne ville vore foruten - men og ei erfaring som  kan vere verdifull. 

Eg ser framover og inn i eit nytt år med nye muligheter.  Nye muligheter til å vere eit vitne for Jesus.  Nye ungdommar som eg skal få treffe på leir, nye muligheter til å vise vegen for dei.  2012 er året der eg vert gitt ein mulighet til å vere mor for ei jente eller ein gut. Ikkje alle får denne muligheten.  Eg vil gjerne bruke den så godt eg berre kan.

Så har eg eit nytt år med nye bloggmuligheter.  Eg har tenkt at eg skal prøve å skrive eit innlegg i måneden om ein av Jesu disiplar.  Han hadde 12 disiplar, vi er i 2012 og året har 12 månedar.

La dette bli eit DISIPPEL - ÅR for oss alle!!

0 kommentarer: